Kva andre skriv om oss..

Her er litt av det andre har skrevet om oss.

Sunnmøre folkehøgskule 5. mars 2014 ….Etter eit par-tre friske timar ute, la vi inn ei lita overrasking til Steingodt bakeri i Gursken. Der vart det bollar og kaffi i det koselege bakstehuset. Kan anbefalast!
Sunnmørsposten 13. juli 2013 I helga har Haugsholmens vener opna alle hus, inkludert bakeriet, posten, telegrafen og den gamle butikken.(Sjå bilete nr. 9)
Link 28. mai 2013 Av og til slår vi ut håret og legg ut på langtur med Kvinnegruppa på mottaket. Denne gongen heilt til Gursken, 25 minutt med bil frå mottaket. Der vart vi møtt av ei blid bakstekone som ville lære oss å lage brød i steinovn og deilege kanelsnurrar.
Herøynytt 25.11.11 Steingode julebrød frå Gursken. Som vi forstår av handelsstanden er det på tida å tenke på jul, og førebuinga av årets viktigaste høgtid. Dei sju sortane er ein ting, men har du tenkt på julebrød?
Vikebladet 30.06.11 Hareid og Ulstein Husflidslag la i år avslutningsturen til Eldhuset i Sandvika på Gurskøya. Der har Ingunn Sandvik Bols bygt opp eit eldhus med steinomn og kafelokale. Ho hadde på førehand laga klar deiger og fyr opp i steinomnen….
Regionavisa 17.11.10 Mjølkebonden Ingunn Sandvik Bols (43) gjer bakar av seg kvar onsdag i sitt eige vesle bakeri i eldhuset «Steingodt» i Gursken…..
Vestlandsnytt 01.10.10 Ingunn Sandvik Bols kunne ikkje seie nei takk til «eit lite stykke Norge» då sjansen dukka opp. No har ho opna bakeri på heimgarden Sandvik i Gursken……» …….
www.gursken.com I ettermiddag opna Ingunn og Bjørn Bols gardsbakeriet STEINGODT på garden sin nede i Sandvika. Frå kl.14:00 og utover, kunne dei besøkande vere med på …….
Vestlandsnytt 24.04.09 Spesiell steinomn i Sandvika. I vinter var norges einaste steinomnbyggar på besøk i Sandvika….

52 opplevingar på Sunnmøre
Vakre, spennande Sunnmøre! Nokre av opplevingane kjenner du til, nokre har du
aldri høyrt om – alle er vel verde turen! NRK-journalist og opprinneleg frå
Ulsteinvik, Rebecca Nedregotten Strand, skildrar turar i fjellet, vêrharde fyrtårn,
kajakkpadling på fjorden, gøymte perler i Ålesund og matopplevingar utanom det
vanlege. Med seg har ho mangeårig fotograf i Sunnmørsposten, June Johansen. Boka
skal vera ei kjelde til å finna nye mål for søndagsturen eller ei inspirerande
stund i godstolen.
Sjarmtrolla. Vår favoritt er helt klart Ekstra grovt med økologisk mel. Har en litt ekstra tid når en henter brødene, anbefaler jeg på det varmeste å kjøpe en skillingsbolle til kaffen..:).
Annika. På fredag var eg på eit jobbmøte, og det er alltid litt kjekt når møtet er lagt til ein anna plass enn eit tradisjonelt møterom!